America's Job Portal
Øygarden innbyggartorg og bibliotek er eit samanslått tenestetilbod der vi fungerer som førstelina til kommunen, i tillegg til å vera den eine døra inn til båe politisk og administrativ leiing. Vi har ansvar for direkte kontakt med innbyggarane, datahjelp med offentlege instansar sine skjema, postmottak, enkel rettleiing i kommunale tenester, og mykje anna. I tillegg har vi ansvaret for å driva kommunen sitt sentralbord.
Er du ein person som likar variable oppgåver, kontakt med ulike menneske, og har lyst til å vera med på å hjelpa innbyggarane våre med å finna fram i kommunal forvaltning? Har du lyst til å ha arbeidsplassen din (hovudsakleg) på vakre Rong, nord i Øygarden? Er du klar for nye utfordringar i ein kommune i spanande utvikling? Då er dette jobben for deg!