Position Overview
**Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?**
Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå .
Selje barnehage ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar - Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka. Det er omlag 50 barn og 15 tilsette i Selje barnehage.
Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale.
Barnehagen vår ligg i naturskjønne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde - ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig ...