🇺🇸 USAJobs.work

America's Job Portal

← Back to USA Jobs

Den Spanande Jobben Som Rektor På Våge Skule Er no Ledig

Company

Fjaler kommune

Location

fjaler kommune, fjaler kommune

Posted

July 17, 2026

Position Overview

Vi er 18 tilsette på skulen som ventar i spaning på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Våge skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.
I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst. Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal
- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.
Våge skule er ein kombinert barne
- og ungdomsskule med om lag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde.
Skulen er sjølve «hjartet» i bygda og staden der både barn, unge og resten av bygdefolket samlast til trening på kunstgrasbana, sandvolleyballbana, i treningsrommet, på skytebana eller i klatreveggen, men også ...

Ready to Apply?

Join thousands of Americans building their careers

Apply Now