Position Overview
Sogndal kommune, Byggdrift Frist Ansettelsesform Fast Driftsoperatør bygg og utleigebustader / driftsoperatør bygg To faste stillingar, 100 %. Vil du ha ein praktisk jobb med bygg, folk og varierte oppgåver i teknisk drift? Sogndal kommune søkjer to driftsoperatørar. Den eine stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med kommunale utleigebustader og oppgåver i skjeringspunktet mellom fleire tenester. Den andre stillinga er retta mot drift og vedlikehald av kommunale bygg, med arbeidsstad i Balestrand. Arbeidsstaden er hovudsakleg Sogndal for den første stillinga og Balestrand for den andre, men du må rekne med arbeid i heile kommunen ved behov. Arbeidsoppgåver I stillinga knytt til bygg og utleigebustader vil hovudtyngda av arbeidet vere oppfølging av kommunale bustader og kontakt med leigetakarar. Du bidreg ved inn
- og utflytting, er eit naturleg kontaktpunkt i kvardagen og utfører førefallande vedlikehald både inne og ute. Du vil også delta i oppussing og klargjering av bustader...