🇺🇸 USAJobs.work

America's Job Portal

← Back to USA Jobs

Driftsoperatør - Settefiskanlegg

Company

Eide Fjordbruk

Location

eide, vestland

Posted

July 15, 2026

Position Overview

Driftsoperatør - Settefiskanlegg

Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.

No ser me etter ein ny kollega på settefiskanlegget vårt K.J Eide i Hålandsdalen. Ved settefiskanlegget vert rogn klekka i eige klekkeri, før fôring startar i kar på land og seinare i anlegget i skogseidvatnet.

Om stillinga

Som driftsoperatør blir du ein viktig del av teamet vårt og vil bidra til at me når verksemda sine mål og visjonar. Du tek aktiv del i den daglege drifta av anlegget og er med på å utvikle gode arbeidsmetodar og driftsrutinar. Stillinga inngår òg i gjeldande vaktordning.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Fôring og røkting av fisk
  • Drift og førebyggjande vedlikehald av anlegget
  • Orden, reinhald og smitteførebyggjande arbeid
  • Mottak og kontroll av fôr

Ready to Apply?

Join thousands of Americans building their careers

Apply Now