Position Overview
**Om stillinga**:
I Eining barn og familie har vi ledig ei spennande stilling med ansvar for inntaksteamet i Eining barn og familie. Det er ei prosjektstilling i 50% stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med . Det kan bli aktuelt å forlengje stillinga.
Vi har samla sentrale tenester for barn, unge og deira familiar i Eining for barn og familie. Mellom anna Sveio helsestasjon, familierettleiarar, psykisk helse for barn og unge, ressursteam og koordinator barn og unge. Vi skal samarbeida til det beste for det einskilde barnet og familien og til saman utgjera eit godt lag. Felles kompetanseheving og fagleg utvikling er sentralt i eininga.
Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss.
Inntaksteam er eit samordningspunkt for barn, unge og foreldre som har behov for støtte, hjelp og rettleiing. Vi søkjer deg som er strukturert, relasjonsorientert og engasjert i tidleg innsats o...