America's Job Portal
Voss herad søkjer ein engasjert og løysingsorientert driftsoperatør til avløpssektoren. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift av reinseanlegget som bidreg til eit reinare vassmiljø og ei berekraftig samfunnsutvikling.
Stillinga har hovudarbeidsstad ved Voss reinseanlegg, som er dimensjonert for om lag 20 000 personekvivalentar. I tillegg har avdelinga ansvar for drift og oppfølging av sju mindre reinseanlegg rundt om i kommunen.
Som driftsoperatør vert du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med avanserte prosessar, tekniske løysingar og kontinuerleg utvikling av avløpsinfrastrukturen i kommunen.
Dei neste åra skal Voss herad gjennomføre eit av sine største VA-prosjekt – bygginga av nytt reinseanlegg i Myrkdalen. Anlegget er planlagt ferdigstilt i 2028 og skal møte framtidige krav til reinseeffekt, d...