Position Overview
Om stillinga
Det er ledig fast stilling som fagsjukepleiar på Dialysen. I stillinga inngår arbeid kvar 4. helg, og 37,5 t/veke. Fordelinga er fag 40% og klinisk arbeid 60%. Arbeidsstad fortrinnsvis på HUS.
Dialyseavdelinga på HUS er ei dageining med 22 behandlingsplasser, samt 10 plassar på Straume og 9 i Knarvik. Vi har rundt 40 tilsette i avdelinga. Kvardagar har vi åpent både på dag
- og kveldstid, samt dagtid laurdag og søndag. Vi utfører hemodialyse til pasientar med kronisk nyresvikt, samt akuttdialyse på overvakingseiningar i sjukehuset, og vi har ei heimevaktsordning.
Vi er eit tverrfagleg team med dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og anna støttepersonell. Som sjukepleiar hjå oss vil du vere ein del av eit team kor samarbeid og fagleg utvikling står i fokus. Du bidrar til å utføre dialysebehandling, overvake og følge opp ulike oppgåver. Du vil jobbe tett med pasientane, noko som gjer arbeidet variert, spennande og meiningsfylt. Vi nyttar avansert medi...