Position Overview
Om stillinga
**Ser du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?**
Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør innanfor feltet transfusjonsmedisin.
**Kva kan vi tilby deg?**
Fagleg mangfald: Arbeid innan fleire fagfelt som gir deg anledning til å utvikle deg på tvers av spesialitetar. Vi tilbyr fagfelt innan hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologi hurtigtestar.
Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi har eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og lærer av kvarandre.
Balanse mellom jobb og fritid: Voss er omgitt av fantastisk natur og har eit rikt tilbod av utandørsaktivitetar, frå fjellturar og rafting til alpint og paragliding. Her kan du både nyte naturen og ha ein aktiv livsstil.
Kultur og fellesskap: Voss har eit mangfaldig kulturliv med kjente festivalar som Vossajazz og Ekstremsportveko, samt Voss Cup med tusenvi...