Position Overview
**Om stillinga**:
Me i Bergen fengsel søkjer inntil **25 fengselsbetjent** i 100% stillingar.
I Bergen fengsel forsøkjer me å møte kvar enkelt innsatt med respekt og anerkjenning.
Som betjent hos oss får du ein arbeidskvardag der tillit, relasjonar og samarbeid står i sentrum - og der du verkeleg får brukt deg sjølv som menneske.
**Kva skil oss frå andre fengslar?**
Bergen fengsel er eitt av dei største fengsla i landet, med soningsplassar for både kvinner og menn. Dette gir betjentar eit variert og spennande arbeidsfelt, der ingen dagar er like.
Hos oss er dynamisk tryggleik meir enn eit begrep - det er måten vi jobbar på kvar dag. Vi skaper tryggleik gjennom relasjonar, respekt og nærvær, ikkje berre gjennom murar og gitter.
**Kvifor velje Bergen fengsel som betjent?**
Du får eit tett samarbeid med kollegaer frå ulike fagfelt - tverrfagleg arbeid er ein naturleg del av kvardagen.
Du får høve til å bygge sterke relasjonar, og oppleve at innsatte endrar seg g...