America's Job Portal
Stillingstittel Sjukepleiar i heimetenesta - 100% fast stilling
Er du sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spennande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.
Som sjukepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter tenester i heile Askvoll kommune.