Position Overview
**Sommarvikarar innan helse og omsorg**:
Seljord kommune søkjer etter sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, studentar/elevar og assistentar.
Aktuelle arbeidsstader er Nesbukti pleie
- og omsorgssenter, Teneste for funksjonshemma, Legesenter, Heimesjukepleie, Heimehjelp, Nestunet bukollektiv, Steinmoen bu
- og servicesenter og produksjonskjøkkenet på dyrskuplassen.
Hovudferieavviklinga vert frå veke 25 til og med 33. Vi ynskjer primært søkjarar som kan arbeide heile hovudferieperioden. For sommarjobb på turnusarbeidsplassar er det arbeid annakvar helg. Sei frå om kva for veker du eventuelt ikkje kan jobbe.
Ungdom mellom 16-18 år har anledning til å søke, men ein bør ha pleieerfaring. For å vikariere i Heimetenesta og i Tilrettelagde tenester må søkjarane ha sertifikat.
Det blir kravd helsefagleg utdanning for å arbeide på legekontor.
**Generelt**:
Opplæring skjer etter avtale med einingsleiar, fortrinnsvis før vikariatet startar. Obligatorisk/naudsynt l...