America's Job Portal
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Heimetenester Os har ledig ein fast stilling som helsefagarbeidar i Ressursbemanningsavdelinga. Stillinga er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turusavtale.
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidare. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskjer ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar, og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Arbeidsstad
Heimetenester Os, Ressursbemanningsavdelinga