Position Overview
Helsefagarbeidar 68%
- Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- (i ny fane)- Om stillinga
**Hei, vi treng fleire helsefagarbeidarar og ønsker oss ein ansvarsbevisst kollega. Vi er ei lita avdeling med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.**
I distriktet Ørskog, har vi ledig 68 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Med arbeid kvar 2.helg kan stillingsprosenten auke noko.
Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorg...