🇺🇸 USAJobs.work

America's Job Portal

← Back to USA Jobs

Helsefagarbeidar

Company

Sogndal kommune

Location

balestrand, vestland

Posted

June 28, 2026

Position Overview

Me ynskjer dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun. No er det ei ledig stilling, og me håpar du vil bli vår nye kollega!

Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Du som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.

Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.

Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stilling som ...

Ready to Apply?

Join thousands of Americans building their careers

Apply Now