America's Job Portal
Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig to 100 % stillingar som helsesekretær/sekretær. Vi søker engasjerte helsesekretær/sekretær som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag. Arbeidet vil bestå av blant anna ekspedisjonsarbeid på ortopedisk poliklinikk, kirurgisk poliklinikk, inntak poliklinikk og oppgåver på dokumentsenter i seksjonen. Vi samarbeidar tett med dei andre kirurgiske faga for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen, der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Startdato frå snarast.