Position Overview
Kultur
- og likestillingsdepartementet Frist Ansettelsesform Vikariat Er du jurist og ønskjer å jobbe med utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom jus og politikk? Om stillinga Kultur
- og likestillingsdepartementet søkjer ein jurist til eit eittårig vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i medie-og kunstavdelinga. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til pengespelfeltet, eit spanande og fagleg utfordrande område i skjeringspunktet mellom jus og politikk. Målet med pengespelpolitikken er å verne sårbare personar ved å førebyggje speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel, og sikre at pengespel blir gjennomførte på ein trygg og ansvarleg måte. Samstundes skal overskot frå pengespel gå til ikkje-kommersielle formål. Statens viktigaste verkemiddel i pengespelpolitikken er eigarskapet i Norsk Tipping. Pengespel er regulerte gjennom ei løysing der Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har einerett på spel med høgast risiko for speleproblem. Feltet er under press frå int...