Position Overview
Om stillinga
Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.
Vi søker etter ein medarbeidar til senteret som skal ivareta administrative oppgåver for administrasjonen i senteret. Det er ein spennande nyoppretta stilling, og du får vere med å utforme arbeidsdagen din. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden ...