Position Overview
**Stad: Sogndal**
**Stilling: Fast, 100 %**
**Søknadsfrist: aktuelle kandidater blir kontakta fortløpande, frist .**
**Først - dette får du hjå oss**:
Ein jobb som gir meining. Eit miljø der du kan vere deg sjølv. Ein arbeidskvardag med variasjon, tempo og mykje latter.
Du blir ein del av eit lokalt teknologieventyr i vekst, der du får påverke både kundar og framtida vår. Me jobbar saman, hjelper kvarandre, og heiar på gode idear - også dei litt sprø.
Her får du:
Eit sterkt og varmt fellesskap, med plass til både bokormar, skibomsar, småbarnsforeldre og alle salgs folk, eigentleg.
Ein jobb med utviklingsmoglegheiter - du lærer nytt kvar veke.
Gode vilkår og pensjons-/forsikringsavtalar.
Kontor midt mellom fjord og fjell - ja, det er faktisk like fint som det høyrest ut.
**Om jobben**:
Som kundekonsulent hos oss blir du ein del av kundesenteret for både Sognenett og Sognenett IT. Det betyr at du får vere med å hjelpe kundar med alt frå stabilt nett o...