Position Overview
Fjord1 - Forretningsstøtte, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs. Vi søker deg som vil få ei nøkkelrolle og eit fagansvar i rekrutteringsarbeidet vårt og med di faglege tyngde kunne vere vere ein rådgjevar for leiarar og HR kollegaer innan fagfeltet.**
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet - over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid. Vi kombinerer teknologi, miljø og samfunnsoppdrag med høg presisjon - og det er folk som deg som bidreg til at vi lukkast.
No søkjer vi ein HR-rådgjevar med fagansvar for rekruttering og tilsetting. Du får ei sentral rolle i å sikre kvalitet og struktur i alle delar av rekrutteringsprosessen, og vere ein viktig støttespelar for leiarar i arbeidet med å finne dei rette kandidatane. Her får du ansvar for å sikre kvalitet i rekrutterin...