Position Overview
Om stillinga
I utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen har vi no ei ledig stilling som landskapsarkitekt! Stillinga tilhøyrar kontorområde Landskapsarkitektur utbygging, som er ei landsdekkjande eining med medarbeidarar fordelt over store delar av landet.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som jobbar tverrfagleg for å utvikle berekraftige og heilskaplege løysingar for samfunnet. Vårt fokus er stadstilpassa, brukarvennlege og vakre løysingar for alle brukarar. Heilskapsblikket vårt bidreg til prosjekt med konkrete tiltak for å nå nasjonale klima
- og miljømål, minske CO2-utslepp frå arealinngrep, avgrense naturinngrep, samt sikre og utvikle grøne areal, berekraftig materialbruk, og gjenbruk av massar og løysingar som inviterer til grøn mobilitet.
Karoline RageArbeidsoppgåver
Som landskapsarkitekt hos oss vil hovudoppgåvene dine vere å sikre at fagområdet blir vareteke i alle delar av prosjekta. Dette omfattar dei styrande dokumenta for prosjekta i ulike planfa...