Position Overview
Om stillinga
**Har du lang styringserfaring innan økonomi og usikkerheit for ein portefølje? Kan du tenke deg nye utfordringar i eit megaprosjekt der du jobbar med både veg og bane for to av dei største byggherrane i landet? Då er dette jobben for deg!**
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) er Noregs største tunnelprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det skal byggast nesten 80 km tunnel for veg og bane. Byggestart er planlagt i 2025 og prosjektet vil bli gjennomført med felles organisering, prosjektering og bygging av Statens vegvesen og Bane NOR.
Du finn meir informasjon om prosjektet her: Fellesprosjektet Arna - Stanghelle
**Er du ein utfordrar som trivst med strategisk rådgivning og økonomisk analyse?**
Leiar økonomi og usikkerheisstyring har ansvar for etablering og oppfølging av rutiner for økonomistyring, kostnadskontroll, usikkerheitsstyring og fremdriftsplanlegging. Dette omfattar analysearbeid og proaktiv forvalting av prosje...