Position Overview
**Lok.førarar til Bergen og Voss**Vy tog Vest**:
**Om stillingen**:
Er du sertifisert som lokførar, eller er du under utdanning hos Norsk jernbaneskole (NJS) med avsluttande eksamen i løpet av 2025? Trivst du i samspel med andre, er du god på å ta ansvar og skape kundeglede - og har lyst å køyre tog frå Bergen eller Voss? Om du kjenner deg att i dette, er du gjerne den vi ser etter.
I Vy tog Vest er vi ca 240 tilsette, fordelt på våre stasjoneringsstadar Voss, Ål, Flåm, Oslo og Bergen, der hovudadministrasjonen òg held til. Saman har vi ansvar for å utvikle og drifte vakre Bergensbanen, Vossebanen og lokaltoga mellom Bergen og Arna. I tillegg køyrer vi den spektakulære Flåmsbana, og har med dette variert køyring for både pendlarar, fritidsreisande og ikkje minst turistar frå inn
- og utland. Vårt arbeidsmiljø er generelt prega av høg trivsel og låkt sjukefråver, og saman jobbar vi kvar dag for å få fleire og meir fornøgde reisande i toga våre. Innimellom møtast vi gjerne òg...