Position Overview
Om stillinga
Haukeland universitetssykehus har sett seg eit ambisiøst mål om å unngå å stryke planlagde operasjonar. For å lukkast søker vi kompetente operasjonsjukepleiarar for å avhjelpe ved operasjonar der ein har fått upårekna fråvære.
Vi søker operasjonsjukepleiarar som er trygg i kompetansen sin og som kan gli inn i arbeidslag som arbeider ut i frå allereie godt etablerte prosedyrar. Det er dei planlagde inngrepa vi ønsker å sikre at skal går som forutsett. God opplæring tilbys.
Det første året vil stillingane ha dagarbeidstid. Framtidig endring og omorganisering i sjukehuset kan føre til endring av arbeidstid til turnus og helgearbeid. Stillingane er faste 100% stillingar. Organisatorisk høyrar du til under Dagkirurgisk seksjon, men dagleg arbeid vil variere på ulike seksjonar i KSK.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbeha...