Position Overview
**Om stillinga**:
**Vil du vere med å vidareutvikle ei solid og fagleg sterk anestesieining ved Stord sjukehus?**
Stord sjukehus er eit akutt
- og lokalsjukehus med eit nedslagsfelt på over 50 000 innbyggjarar og inngår i Helse Fonna.
Anestesilegane våre er tilstades i aktiv vakt ved sjukehuset heile døgnet. Vi har ikkje LIS i anestesiologi, difor er anestesioverlegane tett på pasientane i operasjonsavdelinga, i fødeavdelinga, i intensivbehandling og i akuttmottak. Her får du nytte breiddekompetansen som anestesilege.
Eininga har om lag 2000 anestesiar kvart år til pasientar innan generell/gastro kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, øyre-nase-hals, urologi, ECT og større sårrevisjonar m.m. Vi fordeler operasjonane på 4 operasjonsstover.
Sjukehuset har ei mindre intensiveining og anestesilegane deltek i behandlinga av kirurgiske/gynekologiske pasientar på intensiv og medisinske pasientar på respirator. Som anestesioverlege hos oss vil ein rykke ut ...