🇺🇸 USAJobs.work

America's Job Portal

← Back to USA Jobs

Pedagogisk Leiar Holmedal Barnehage - 100% Fast

Company

Askvoll kommune

Location

askvoll, askvoll

Posted

July 10, 2026

Position Overview

Ved Holmedal barnehage i Askvoll kommune har vi ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar.
Holmedal barnehage ligg ved den vakre Dalsfjorden og vi har kort veg til fjæra. Vi har og nærleik til både fjell, skog, fotballbane og er glad i å gå på tur både med og utan niste.
**Vi søker deg som**:
likar uteliv og uteaktivitetar
tar ansvar og ser mogelegheiter i staden for begrensningar
griper sjansane som kjem og kan glede deg over dei små augneblinka i kvardagen
er opptatt av relasjonsbygging på kryss og tvers
nyttar kompetansen din til å reflektere saman med resten av teamet
**Arbeidsoppgåver**:
Pedagogisk leiing av avdelinga
Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
Planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
Sikre barnehagen som ein god omsorgs
- og læringsarena
Følgje opp, og vere aktiv i kompetanseutviklinga i barnehagen

Ready to Apply?

Join thousands of Americans building their careers

Apply Now