Position Overview
**Vi ser etter ein engasjert pedagogisk leiar - er det deg?**:
KFUK-KFUM Øygarden er ein del av Norges KFUK-KFUM - ein landsdekkande kristen barne
- og ungdomsorganisasjon. I Øygarden driv vi eit mangfaldig arbeid for barn, unge og familiar, med mellom anna tre Åpne Barnehager på Straume, Landro og Fjell. Vi har òg tilbod som MåndagMiddag, HomeStart og for ungdom: TenSing, dans og drama, ACTION og gaming.
Åpen Barnehage er eit gratis tilbod for barn i alderen 0-6 år saman med ein vaksen omsorgsperson. Tilbodet følgjer barnehagelova og rammeplanen for barnehagar, men utan faste plassar - familiane kjem når det passar. Barna får delta i leik og aktivitetar i trygge omgjevnader, medan dei vaksne får moglegheit til å byggje nettverk og fellesskap.
KFUK-KFUM Øygarden har tre Åpne Barnehager som for tida held til på Straume, Landro og Fjell. Kvar avdeling har ope tre dagar i veka frå kl. 09.15 til 14.45:
- Landro: måndag, onsdag og torsdag
- Fjell: måndag, tysdag og onsdag<...