Position Overview
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i energiressurs og systemmodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppa for energi ved Geofysisk institutt, Bergen Offshore Wind Center og energiinformatikklaben ved Institutt for informatikk, støtta gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Elektrisitetsforbruket i Norge forventast å auke frå dagens 140 TWh til opp mot 220 TWh i 2050, hovudsakeleg drevet av overgangen til nullutslepp (elektrifisering), industriell vekst og ny produksjon. For å handtere den auka etterspø...