Position Overview
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i fiskeimmunologi
Det er ledig ei postdoktorstilling innan marin økologi og evolusjon ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er knytt til forskingsgruppa for Teoretisk økologi.
Havet er eit fysisk miljø som er dynamisk og variabelt med omsyn til lys, temperatur og havstraumar. Desse faktorane set rammer og gir moglegheiter for organismane som lever der, og desse har utvikla tilpassingar i form av fysiologi, åtferd og livshistorie-strategiar som gjer at dei kan overleva og produsera avkom. I forskingsgruppa for Teoretisk økologi fokuserer vi på individet i sitt miljø, og utviklar numeriske modellar for å undersøka korleis fysiske påverknader og samspel med andre artar kan fo...