Position Overview
Nordfjordeid
**Vi vil bli kjent med deg som leverer eineståande kundeopplevingar og synest sal og rådgiving er kjekt!**
**_ Er du motivert for spennande utfordringar og personleg utvikling? Vil du utgjere ein forskjell og skape verdiar for kundane dine? Då trur vi Sparebanken Vest kan vere rette plassen for deg!_**
Vi utvidar vårt kontor på Nordfjordeid og søkjer no etter ein dyktig rådgivar som har lokal tilhøyrsle, kjennskap til og relasjonar/nettverk i området.
Vi er interessert i deg som har stor grad av eigen drivkraft uansett kva du driv med i dag, og ønskjer å vere med og byggje ei karriere som kunderådgivar i eit framoverlent finanshus her på Vestlandet.
Vi ønskjer kandidatar som jobbar i andre bransjar velkommen til å søkje på stillinga dersom dette høyres ut som deg.
**Kva skal du gjere som rådgivar i Sparebanken Vest?**
Gode relasjonar til kundane våre er det viktigaste vi har. Som rådgivar vil di hovudoppgåve vere å byggje gode og langsiktige relasjonar...