America's Job Portal
Vil du gjere ein reell forskjell for folk som treng det mest?
Nokre tek det for gitt å kunne reise dit dei vil, når dei vil. For mange av dei vi hjelper, er det ikkje slik. Som rådgjevar i tilrettelagt transport blir du ein nøkkelperson for menneske med nedsett funksjonsevne – folk som er avhengige av at nokon ser, forstår og handterer saka deira med både fagleg skjønn og menneskelegheit.
Vestland fylkeskommune forvaltar viktige samfunnsoppgåver og har ansvar for utvikling av området. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (MOK) har ansvaret for å utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke.