🇺🇸 USAJobs.work

America's Job Portal

← Back to USA Jobs

Rektor/virksomhetsleiar

Company

Personalhuset Staffing Group

Location

Arendal, Västra Götaland County

Posted

July 17, 2026

Position Overview

Ønsker du ei leiarrolle som betyr noko – både i dag og for framtida? Vi søker rektor til Bykle barne- og ungdomsskule.

Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein 1.–10. skule med høge ambisjonar, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter. Som rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule får du ei sentral leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen, elevane og lokalsamfunnet.

Om stillinga

Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1.–10. skule sentralt plassert i vakre Setesdal. Skulen har om lag 60 elevar og 19 tilsette, eit trygt og inkluderande læringsmiljø og eit engasjert fagmiljø som arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, trivsel og læring. Rektor har også ansvar for kommunen si vaksenopplæring.

Vi ønsker ein rektor som vil vidareutvikle skulen og vaksenopplæringa i tett samarbeid med elevar, deltakarar, tilsette, foreldre og lokalsamfunnet. Du får ei viktig rolle i kommunen sitt arbei...

Ready to Apply?

Join thousands of Americans building their careers

Apply Now