Position Overview
Hotell Bondeheimen AS Frist Snarest Ansettelsesform Fast Vil du jobbe i resepsjonen på eit av Oslo sine mest særmerkte hotell? Resepsjonist til Hotell Bondeheimen Er du klar for å bli ein del av eit unikt hotellteam i hjartet av Oslo? Hotell Bondeheimen søkjer no ein resepsjonist som ønskjer meir enn berre ein jobb. Vi ser etter deg som trivst med menneske, har sans for kvalitet og ønskjer å utvikle deg i eit hotell med historie, identitet og eit tydeleg vertskap. Vi oppmodar kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje, fordi vi verdset mangfald og inkludering. Dette er ei stilling for deg som likar drift, tek ansvar og forstår at resepsjonen set tonen for heile opphaldet. Hos oss møter du både stamgjester, internasjonale besøkande og kollegaer som bryr seg om huset, faget og detaljane. Du vil få moglegheit til å påverke gjesteopplevinga og bidra til hotellet si vidare utvikling. Vi søkjer ein resepsjonist i 80 % stilling ut september, med overgang til minimum 40 % frå oktober til april. ...