America's Job Portal
Vil du bidra til eit tryggare samfunn? Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein engasjert samfunnsvitar som vil vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste. Dette er ein spennande moglegheit for deg som ynskjer å jobbe i skjeringspunktet mellom samfunnstryggleik, offentleg forvaltning, teknologi og beredskap. Vi søkjer ein ny kollega som vil bidra til utviklinga av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon og arbeidet med og for dei kommunale og interkommunale brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hos oss får du arbeide med komplekse og samfunnskritiske problemstillingar, tett på avgjerdsprosessar og i samarbeid med sentrale aktørar på tvers av naudetatane. Dette er stillinga for deg som blir motivert av å forstå samanhengar, finne gode løysingar og skape resultat som har betydning for samfunnet.