Position Overview
IT-avdelinga vår veks, ein ny seksjon er på plass og vi har derfor behov for ein dyktig seksjonsleiar.
Vi ser etter deg som har erfaring både med teknologi
- og personalleiing. Du får budsjett
- og personalansvar for medarbeidarane i seksjonen og inngår i leiargruppa til avdelinga, som i dag består av seks seksjonsleiarar og ein avdelingsdirektør.
Avdelinga har nær 130 medarbeidarar og er ansvarlige for mellom anna alle dei digitale tenestene våre, cybersikkerheit, og bidrar i den digitale utviklinga av nye tenester med kompetanse, kvalitet, metodikk, prosessar og rammeverk.
Den nye seksjonen vil ha eit særleg ansvar for å vidareutvikle, drifte og vedlikehalde tenester på Brønnøysundregistera si nye digitale tenesteplattform.
Hovudarbeidsoppgåvene dine vil vere å
- leie, følge opp og vidareutvikle høgt kvalifiserte teknologar
- koordinere og styre ressursane i seksjonen
- følge opp seksjonen sine mål, planar og budsjett
- bidra til å bygge ein felles tekno...