America's Job Portal
Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?
Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Posten har 9 behandlingsplassar, og vi legg stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga. Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.