Position Overview
Kultur, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Songlærar i Vinje kommune - vikariat 20%
Oppstart
31. juli 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 3. august
Har du ei sterk røyst - både musikalsk og pedagogisk? Vinje kulturskule søkjer ein engasjert songlærar til eit vikariat i 20 % stilling.
Som songlærar ved kulturskulen får du høve til å undervise elevar i ulike aldrar og nivå - frå nybyrjarar til vidarekomne - og bidra til å utvikle både songteknikk og formidlingsglede. Du blir ein del av eit lærarmiljø, der samarbeid og elevmedverknad står i sentrum.
Dette er ei stilling for deg som ynskjer å dele songgleda di og skape trygge rom for musikalsk utfalding. Her får du vere med å prege kulturskulen sitt tilbod og bidra til eit levande musikkliv i Vinje.
Stillinga er organisert i verksemda kultur og fritid, som arbeider for å ...