Position Overview
Om stillinga
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig 100% fast stilling for psykolog med spesialistgodkjenning i Nevropsykologi ved Nevrologisk avdeling frå . Deltidsstilling, t.d. i kombinasjon med akademisk stilling, kan vere mogleg. Ta kontakt - vi oppmodar alle interesserte til å søke.
Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av alle slag nevrologiske lidingar, hos vaksne, både døgnbasert og poliklinisk. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi. Det er fleire aktive forskingsmiljø knytt til avdelinga og klinikken, innan t.d. epilepsi, multippel sklerose, nevrodegenerative lidingar, ALS, hovudpine og hjerneslag. Forskningsgrupper i Nevrologi ved UiB
Pasientar med nevrologisk sjukdom gir eit unikt innblikk i samanhangen mellom hjernestruktur og åtferd. Arbeidet vil gi spennande utfordringar for spesialist i nevropsykologi, grunna det komplekse samspelet mellom...