America's Job Portal
Vil du vera med på å styrkja Noregs innsats mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet?
Økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet blir stadig meir kompleks og samfunnsskadeleg. Økokrim er den sentrale eininga til politiet på desse områda og står i frontlinja i arbeidet mot denne kriminaliteten. Økokrim er både statsadvokatembete og særorgan i politiet. No søkjer me ein statsadvokat som vil bidra til å vidareutvikla arbeidet vårt og styrke Noregs evne til å møta desse utfordringane.
Økokrims statsadvokatar er ein del av Den høgare påtalemakta. Me stiller derfor høge krav til fagleg dyktigheit, samarbeidsevne, integritet og utviklingsvilje.
Som statsadvokat vil du inngå i juridisk avdeling og delta i tverrfaglege etterforskingsprosjekt saman med juristar og etterforskarar med bakgrunn frå politi, økonomi, miljø og teknologi.
Miljøkrimeininga etterforskar, påtalar...