America's Job Portal
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling.
Vi søkjer ein høgt motivert og særleg talentfull ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk til å leie forskingsoppgåver som har som mål å utvikle nye teoretiske rammeverk for koplinga mellom fleirskalastrømmar som involverer havoverflatebølgjer, submesoskala straumar, turbulens og vindpåverknad. Målet er å utle...