Position Overview
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.-
- Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur
- og religionsvitskap
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur
- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 4. mai 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stipendiatstillinga er øyremerka eit ph.d.prosjekt om naturkultur-relasjonar i musea, og skal bidra til å styrkje forsking, forskingskompetanse og samarbeid om FoU-oppgåver i musea.
Stillinga er lyst ut i samband med prosjektet NAMUS, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Musea i Sogn og Fjordane, Hardanger o...