Position Overview
**Vil du bli med Hardingsmolt inn i ein spennande utviklingsfase?**: Elektrikar/automatikar/industri
- mekanikar med moglegheit for turnus
Fiskeoppdrett
Hardingsmolt er ein leiande aktør innan produksjon av laksesmolt. Me har 30 tilsette i Tørvikbygd og 7 ved Koløyholmen og planlegg store investeringar dei neste åra. Me er eigde av Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS og Fremskridt Laks AS og har eit sterkt fokus på innovasjon og berekraftig utvikling. Anlegget vårt har 10 400 m³ karvolum på land og 24 000 m³ lukka volum i sjø. Me er i ein utbyggingsfase no, og sommaren 2026 utvidar me anlegget vårt på land med ytterlegare 13 800 m³. Hos oss får du jobbe i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse, der me stadig utviklar oss og held oss oppdaterte på aktuelle kurs og ny teknologi. Det er også moglegheit for å tre inn i bedrifta si turnusordning.
**Om stillinga**: Me søkjer driftsteknikar med fagbrev som elektrikar, automatikar, industrimekanikar. Andre relevante tekniske fagbr...